mandag 4. april 2011

Nynorsk reklame?

Vi fekk ein oppgåve på skulen som gjekk ut på at vi skulle drøfte nynorsk som reklamespråk. Vi fekk ei link til en reklamefilm på youtube(Aker sin ”Made by Norway-reklame”,) kor det blei brukt nynorsk og vi fekk utsegna til NHO-sjefen Finn Bergesen jr. og den faglege leiaren i reklamebyrået Dinamo Noreg, Ivar Vereide.

Det er stadig fleire i Noreg som brukar skriftspråket nynorsk eller nynorsk som talemål i reklamar. Dette kan vere fordi det kan verke meir ekte og ordentlig, eller meir seriøst. Likevel er det ein debatt rundt temaet, kor mange påpekar at ein må ha ein god grunn bak bruken av nynorsk i reklamar. Det kan verke rart om ein tannkremreklame brukar nynorsk tale og skrift berre fordi det verker meir truverdig, og meir ekte, når reklamen kanskje ikkje har noko med nynorsk å gjere i det heile tatt. Er reklamen om tema linka til nynorsk vil det vere meir riktig. Eg meinar det blir for dumt å slenge på sidemålet, bare for å verke meir seriøse og for at produktet skal bli betre framstilt. Eg trur at grunnen til at nynorsk blir brukt ikkje berre er for å verke seriøse, men for å få frem noko av det ”typisk norske.” Nokon ser kanskje på nynorsk som meir gammaldags og lite moderne, og det er ofte den målgruppa menneska bak reklamen vender seg til, og sikter til. I nynorsk er det heller ikkje mykje påverknad frå andre språk som engelsk, fransk og indisk. Nynorsk verker også som et varmare språk, som man blir fengsla av. Ein vil heller høyre på ei djup stemme prate nynorsk enn ein typisk selger-stemme skrike på tv-en framfør deg. 



Vilde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar